Eit heilt ufarleg horoskop

Væren (21.mars – 20.april): 
Aksjemarkedet blir styrt av ein liten munk som telle stjernene han kan sjå frå vindauget sitt. Han ville dødd på flekken om han såg Wolf of Wall Street. 

Tyren (21.april – 21.mai): 

Et bilde som inneholder innendørs, person

Automatisk generert beskrivelse

ME AND WHO???

Tvillingane (22.mai – 21.juni):
HUBRIS KAN ALDRI DREPE MEG, EG ER BEDRE ENN GUD!

Krepsen (22.juni – 22.juli):
Om du ikkje skriv det ned, kjem ingen til å skjønne kvifor du forsvant. Ikkje la knoklane dine skylle opp på land uten ei forklaring! Å bli featured i ein artikkel om «Top 10 most haunted disappearances» er ingen måte å bli kjendis på. 

Løven (23.juli – 23.aug): 
RIP til Shakespeare, han ville elska memes. 

Jomfruen (24.aug – 23.sept):
Skulle ønske eg kunne koke følelsen av å vere 16 år i ei skei med en lighter og skyte det inn i blodårene. Ta ein pause frå å vere vaksen liksom. Men det blir vel heroin denne helga også… 

Vekten (24.sept – 23.okt):
Skal i bryllaup i sommar. Gir Tinder Gold i bryllaupsgåve. Eg gir faen, Bridget Jones skulle ønske ho var meg. 

Skorpionen (24.okt – 22.nov): 
Har registrert nervøse sammenbrudd® som varemerke. Føle du deg litt nedfor, litt frynsete kanskje? Kontakt advokaten min. 

Skytten (23.nov – 21.des): 
Den formlause, lokkande og allvitande «Algoritmen» er vår tids Nøkken. 

Steinbukken (22.des – 20.jan):
Håpa eg dør, rotna, blir til olje og at oljen (meg) kan sende tipp-tipp-tipp-oldebarna til Elon Musk til Jupiter. Men oljen (lille meg) er ikkje nok til å frakte dei tilbake. Dei blir kvalt i verdensrommet eit halvt lysår før dei når jorda. «Sins of the father» osv. 

Vannmannen (21.jan – 18.feb): 
Eg bære ikkje nag mot Vannmannen lenger. Men eg har heller ingenting å sei. 

Fiskene (19.feb – 20.mars):
Du besøkte meg i ein draum og sa du elska meg. Du kom ned ei trapp, dekt i blod og sa du ville drepe for meg om eg ba om det. Også går du hen og kasta meg ut av bursdagsfesten din?! Du sei at eg ikkje var invitert en gang?! Okei, javel. Så eg er drittsekken her. Greit.