I seng med Jesus

Korleis elska det uelskeliga

Oppstandelsen #1

Mor mi vart nesten drepen av ei rekke valdelege menn. Det gjorde ho hard. Eit fjell.
Men eg fann ei grotte i fjellet ho sitt.
Der er eg trygg.

Nokon gonger kjem da steinras.

Oppstandelsen #2

Far min var i skuddlinja. Eg trur han har drept. Drept kjenslene sine og. Me snakker ikkje om da. Me snakkar ikkje.

Jøden på døra

Sumar 1988, Haugesund.
Ein Israeler går dør til dør.
Selg malerier frå Jerusalem og sjela si. Eldre kristne damer prutar.
Dei slepp han ikkje inn.
Farleg utlending.
Ringeklokka.
Mor mi kjøpar maleri.
Seinare blei eg til.

Deira historie er sørgeleg. Det er mi og.
Men eg kan le av ho.

Militærbaby

Far var spion, ikkje kunstselgar.
Trente meg på gisseldrama og terrorangrep. Slikt ein baby kan oppleve på Vestlandet. Eg blei to.
Han dro.
Eg venta kvar dag.
Han kom aldri.
Familien hans ynskjer kidnappe meg.
Dei la ikkje hjarta sitt i da.
Eg ventar framleis.

Jævelungen

Mor mi sa.
Eg var ein jævelunge.
Kunne ikkje sitta i ro.
Øydela alt.
Eg øydeleggjer ikkje meir.
Men kan framleis ikkje sitta i ro.

Onani

Då eg var tre år gammal lærde eg meg to ting sjølv: Å lesa og onanera.
Begge er gode verktøy for å rømme frå kjensler. Sidan har eg vore smart og kåt.

Dei usynlige

Da eg var lita hadde eg to usynlige vener. Dei heit Loddas og Vegger.
Ein gong var eg i Spania med mor mi.
Ho ville lukka vindauget.

Eg sa: “Nei! Loddas er ute”.
Ho måtte på balkongen og rope han inn.
Då lillebror blei fødd forsvann Loddas og Vegger. Eg saknar dei.

Lillebror

Han vart elska.
Eg beit han i armen.
Fortalde han eg var ein vampyr.
Han trodde eg var vampyr heilt til han vart vaksen. Eg er lei for da lillebror.
Du kan få bita meg i armen om du ynskjer.

Pedo #1

Hugo Gonzales
Han hadde sex med mor mi
Han tok på meg
Fortalde mor mi han skulle læra meg sei nei Eg har aldri sagt nei

Pedo #2

Sverre J. Hagland
Han var kaptein på ein båt som sank Mange døyde
Han fekk båtfobi
Viste meg kor lysken min var
Eg vart redd
Eg hatar lysken min

Djevelen skal væra kreativ med dei i helvete.

Angsten

Eg besvimte mykje som barn.
Fall om plutseleg.
Ein gong på ei strand sa mor.
Medan syskenbarnet mitt drog seg i tissen. Mora hans var på mobilen.

Legane trudde eg hadde feil på hjarta. Der fann dei ingenting.
Som vaksen forstod eg da var angsten. Har framleis ikkje funnet hjarta.

Smil

Alle elskar smilet mitt. Det er da dei seier.
Da hender da er falskt. Berre eg veit skilnaden.

Sjølvmord

Eg var dårleg på da.
Eg var ung.
Da var før Google.
Nå er eg betre på sjølvmord. Men eg skal ikkje døy i dag.

Menn som stjeler

Menn tar frå kvinner.
Dei tok kroppen min frå meg. Frå mor mi.
Frå farmor mi.
Frå oldermor mi.
Dei tok sjelen og.
Forsynte seg frå kakestykkene. Til da var tomt.
Eg måtte bake ei ny kake.
Den får berre eg eta.

Vondten i kroppen er alltid med meg.
Eg kan skru an av, men då skrur eg av alt.

Trond Giske

Prøver lokka meg på rommet sitt Prøver kyssa meg
Eg vrir meg unna
Eg spring

Fort
Eg er full
Var da mi feil? Nei.

Skam

Ynskjer holde meg borte frå den. Den følgjer etter.
Som Trond Giske.
Eller ein hund.

Homo sapiens skammar seg. Kjeppen dagleg.
Sjølvpining, minutt for minutt. Deilig å hata seg sjølv.

Eg er forsinka.
Då er da berre å ta livet av meg.

Ei natt i Bangkok

På ladyboybaren følar eg meg ordinær Overvinn galskap med meir galskap Når da kjem japanske menn inn
Ropar Ladyboysa “two-two-two”

Eg spurde dei kva da betyr Då sa dei:
Two centimetres
Two seconds

Two thousand
Eg er takksam eg ikkje bur i Japan

Alkohol

Den gir meg juling.
Eg gir meg den.
Skrapa ut glasskåret frå kneet.
Størkna blod som kunst nedover leggen. Naken igjen.
Fysisk og i sjela.

Velfungerande alkohol likar

Vel, fungerte nok til å komma meg på arbeid. Velfungerande i fosterstilling på dass. Dråpane frå natta i blodet.
Tørsten etter meir i hovudet.

Spy i do.

Alkohol #2

24 timer edru.
Ingenting går som da ska.
Eg er glad, men utav kontroll.
Gleden blir til depresjon og krypa under dyna humør. Her vil eg døy.

Alkohol #3

Vaska sengetøyet.
Det er slikt edru folk gjer.
Mobilen lå i senga.
Den ville også vaska seg.
Skal jeg ikkje væra frisk no?
Ikkje en dråpe på tunga.
Nedover halsen.
Kjenna varmen som brer seg.
Åååh, slappa av.
Meir dråpar.
Meir varme.
Nummen.
Kanskje døden er som ein blackout?

Eg drikker ikkje lengre. Da bør ingen gjera.

Dopamin

Alle liker da.
Skal eg shoppa, eta eller knulla vekk kjenslene mine i dag? Alt fungerer.
Til da ikkje gjer da meir.

Ein elskar

Eg har aldri hatt ein
For eg har aldri elska
Da er nok arbeid å elska seg sjølv

Angsten #2

Da er lettare om eg luftar angsten.
Enn at angsten luftar meg.
Noken gonger får angsten bli åleine heime. Den likar seg best der.
Med Netflix og chill.
Da hender angsten følgjer etter meg ut døra. Då forteller eg alle eg møtar at den er med. Så slipper den føle seg einsam.
Også slipper eg væra redd.

Religion

Er som ein buffet.
Eg kan velja da eg likar. Eg likar ikkje så mykje. Men eg likar Jesus. Smakar på kjærleiken. Mat er betre enn religion.

Gud trur på meg.

Meg

Kven er eg? Kven er du? Kven er Gud? Er eg deg? Er du meg? Er me Gud? Ja.

Eg trur på meg.