Horoskop for oss som har sett nok

Væren (21.mars – 20.april): 

Du ser ein UFO bli skutt ned over Sofienbergparken. Når du kjem fram til vraket ser du ein kjent skikkelse. Trine Dehli Cleve?! «Ti poeng» sei ho før ho segna om. Du har ti poeng, bruk dei smart.  

Tyren (21.april – 21.mai): 

Du er som piken med svovelstikkene, berre at du ikkje vil inn. Familien i huset låser likevel alle dørene.  

Tvillingane (22.mai – 21.juni):

Du kler deg ikkje for suksess, du kler deg ikkje i det heile tatt. Suksess betyr ingenting, å vere naken på Café Sara betyr alt. 

Krepsen (22.juni – 22.juli):

Gå ut av komfortsonen din, nokon har brote seg inn og gjort det til sin eigen. Du får 20% på ny komfortsone om du bruka promokoden: NEINEIÅHERREGUDNEIIKKJESØNNENMIN 

Løven (23.juli – 23.aug):

Det står i stjernene at du har ein manager i statane som lika det du gjer. 

Jomfruen (24.aug – 23.sept):

Du er ein morgon som ikkje gryr, du ligg i fosterstilling i horisonten og håpa ingen huska den gangen du spurte om Kong Harald er pappaen til Norge. (svaret er ja, men flaut at du måtte spørje.) 

Vekten (24.sept – 23.okt):

«Les um svensk parapsykolog som forsøkjer vekkja folks minne um tidlegare liv ved hypnose. Held det slett ikkje for utruleg, so mykje har eg røynt sjølv.» – Olav H. Hauge

Skorpionen (24.okt – 22.nov):

Tvillingen du absorberte i mors liv er ute etter hevn. Han vandra kvilelaust opp og ned ryggmargen din. OuUhHuUH, jævlig skummelt eller!?

Skytten (23.nov – 21.des): 

Bong Bon Joon Jovi-Ho – Livin on a parasite

Steinbukken (22.des – 20.jan):

Om nokon prøver å binde deg fast til eit tre, spyle vatn på deg slik at det ser ut som du har tissa på deg, filme det, legge det ut på pornhub og kalle klippet «Big Baby is scared of trees. Pissing and crying». Berre ikkje la dei gjere det. 

Vannmannen (21.jan – 18.feb):

Dette er deg.

Fiskene (19.feb – 20.mars):

Den vesle karen som sit i kontrollrommet bak augene dine har rett på røykepause fem gonger om dagen. Om du installerer hengsler bak øyrene er det lettare for han å klatre inn og ut.