Rapsodes julekalender: Luke 8

Eg trur eg veit korleis eg kjem til å dø. Men det er berre 8. desember, kan ikkje seie noko sikkert enda. 

Den første luka kunne avsløre at eg takkar for meg på ein regntung dag. Kan respektere ein klassikar. «Det var ein kald og regntung dag, himmelen gret saman med oss.» Det klinger godt. Kryssa fingrane for nasjonal sorg.    

I luke nummer to sto det at eg kjem til å dø sakte. Okei?! Kor sakte snakka vi? Blø ut midt i gata-sakte eller pustemaskin i tre år-sakte? Skjønna du kva eg deala med her eller?!

Luke nummer tre kan suge meg. «Det går fort, heilt til det stoppar.» Om eg dør på ein Voi, klikkar det for meg. 

Luke nummer fire var ganske spenstig. Det var eit nydelig bilete av ei eng, det kan sjå ut som det var tatt på hausten. Så… dør eg på hausten i ei eng (death by frolicking lol) eller er dette berre eit stockphoto brukt for å fylle opp kalenderen? Om det er eit stockphoto, så er det ein skikkelig bitch move. 

I luke nummer fem var ein QR-kode som opna ein video. Ta det med ro, det er ikkje skummelt. 

Luke nummer seks var heilt blank. På dette tidspunktet tenkte eg at eg hadde blitt scamma. Det var for godt til å vere sant, få vite når ein skal dø?! For en luksus, ikkje sant? Men då eg skulle ut med søpla seinare på dagen fant eg ein pakke på dørmatta. Brunt innpakningspapir, brun sløyfe og talet 6 skrive på med svart tusj. Eg er heldigvis velsigna med street smarts. Derfor lot eg ho eine eg bur med opne den medan eg var i eit anna rom. Det var ein pakke med glowsticks, takk og lov. 

I går opna eg luke nummer sju og, skal ikkje lyge, eg håpa på fleire glowsticks. Men gledings blei til skuffelse, som det ofte blir, då luke nummer sju innehaldt eit lite dikt. 

Ørkenen er ein kropp  

Havet er langt borte 

Beaten går non stop 

Ein mann utan skjorte

Tåka er tjukk, hesten beiter ikkje lenger her  

Hehe wtf?? 

I luke nummer åtte sto det at eg kjem til å dø omgitt av nye og gamle vener. Nice! Som sagt så er det forsatt litt tidleg å sei noko sikkert, men eg trur seriøst eg kjem til å dø på eit rave.