Draumferd – Attersyn i indre rom

(Fyrste gong publisert i Sjå magasin, utgåve #2, 2020)

I snart to år har eg drøymd om far min, som gjekk bort på tragisk og uventa vis i august 2018. Kjensla over å mista ein bauta i livet til ein låk lagnad kan gjera at sjølv dei mest stødige personar kjenner på hugbrot. Dette er fyrste gongen eg fortel om desse “samankomstane” til nokon andre enn ein veldig viktig person for meg, og så vidt det er meg kjend er ikkje slike draumar eit uvanleg fenomen for dei etterlatne. Difor byrja eg å ha ei notatbok innan kort rekkevidde om natta etter hendinga. Kvar natt eg har hatt ein draum om far min har eg slik vore snar til å notera dette ned for hand i stikkordsform. I dei nemnde draumane har vi møttest i ulike avgrensa rom, både innandørs og utandørs, som anten har vore viktige eller noko tilfeldige for meg. Draumane vart i denne prosessen også gjeve dato og ein slags assosiativ tittel som samanfatta innhaldet i kvar enkelte draum. Til tross for å vera nokså banale kva gjeld innhald, er det klart noko fantastisk over det heile, uansett kor lite eller mykje meining ein sjølv vel å festa til desse møta og draumane. Eg må understreke at mi oppleving ikkje lyt vera fokus i dette sjølv om eg har sett draumane inn i ein viss kontekst. Det fantastiske og underlege med draumar må koma i fyrste rekke. Det kunne sjølvsagt ha vore rom for å trekkje inn noko forelda om Freud, eller noko anna knytt til moderne forsking på hjerneaktivitet under NREM/REM, men eg lèt desse fragmenta tale for seg sjølve til dykk lesarar. Hovudpoenget står uavhengig av innhaldet i og prosessane bak draumane, og eg seier difor det same som eit klokt menneske ein gong sa: tanke og draum er himmelske køyrety (sic)!

Attersyn – 2. oktober 2018

Eg minnest den aller fyrste draumen, kort tid etter far min gjekk bort. Før dette var livet ganske nært perfekt og eg var for fyrste gong nokosinne svært hugteken. I dagane etter tragedien var eg difor klart prega av konfliktfylde kjensler. I denne fyrste draumen var eg merkeleg nok plassert i ein lang og smal underpassasje som ikkje er ulik dei som ein finn i undergrunnsstasjonar i større byar. Det var grøne flisar på veggane og ljoset var dimt og gult. Eg tok til å gå innover i denne tronge gangen utan å tenkje noko særleg over kvifor det var det naturlege å gjera. Brått etter dei fyrste stega høyrer eg nokon springe med lett rørsle i mi retning, og snøgt nok ser eg eit menneske koma imot meg. Før eg rakk å sjå kven dette mennesket var stod vi begge der andsynes. Det tok nokre sekund, men det gjekk opp for meg; det var far min, som såg sunn og frisk ut. Ja, til og med litt ung og livskraftig ut. Det vart utveksla ord i dette møtet, og sjølv om eg ikkje kjem i hug kva som vart sagt verka dette møtet ovande sterkt inn på meg i lang tid etter draumen. Det var som om han hadde kome til meg i dette merkverdige rommet i draumen for å gje eit skikkeleg siste farvel. Det var noko symbolsk ved det heile, samstundes som det var litt klisjéaktig. Brått vart draumen slutt. Det er alt eg hugsar.

Ætt – 8. november 2018

Eg kjem i hug den andre draumen om far min, som er nokså kort, men viktig. I denne draumen stod eg i hagen på familiegarden i Sogn medan tussmørket senka seg over bygda. Eg gjorde meg klar til å avslutte dagens arbeid i dette grøne og frodige rommet. Eg hugsar svært tydeleg og klart at det frå himmelsynet i vest breidde seg ein ljos farge av lilla, som vart mørkare blå jo lenger aust ein såg. Det heile var underleg fordi far min plutseleg dukka opp bak meg. Då eg oppdaga dette vart eg svært forbina, og alt eg klarte å gjera var å seia: “Sjå kor mykje eg har gjort for denne staden!” Då såg eg at han vart både rørt og gripen av synet som møtte han. Sjølv då han levde var han klar på at han ikkje var bekymra for at staden skulle forfalle dersom han skulle gå ut av tida. Brått vart draumen slutt. Det er alt eg hugsar.

Livberging – 11. februar 2019

I den tredje draumen minnest eg å vera i ein liten båt ute på ein mørklagd fjord. Eit skikkeleg uvêr med særmerkt nordrøn vind gynga båten opp og ned på vatnet medan eg gjorde mitt beste for å ikkje falle uti. Båten hadde korkje motor eller årer, og det var difor uråd å koma seg or flekken. Det verste som kunne skje tok sjølvsagt til å henda etter kort tid, og eg mista fotfestet på det allereie vasstrekte dekket. Augeblinken då eg fall over bord gjekk i tydeleg saktefilm, og idet kroppen min braut vasskorpa vart alt svart og stilt. Eg kava med armane i eit forsøk på å skilja opp frå ned, men det fanst ikkje von i det paniske forsøket på symjing. Brått ut av intet kjende eg ei hand gripe tak i handa mi, og snøgt vart eg drege opp att gjennom vasskorpa. Synet var uklart grunna det salte vatnet i auga og eg hiksta og pesa i eit forsøk på å finna tilbake att til pusten. Gradvis vart det tydeleg at den tidlegare mørke fjorden no hadde vorte blågrøn, som smeltevatn frå jøklane, medan refleksjonen av sola leika seg mellom dei låge bylgjene. Susen i øyra stilna så gradvis, og då høyrde eg plutseleg ei røyst så heimleg og kjær at det nesten ikkje var til å tru: “Her høyrer du ikkje heime nett no, sonen min!” Brått vart draumen slutt. Det er alt eg hugsar.

Råd og lagnad – 20. april 2019

Den fjerde draumen kom til meg ei varmare natt i april, som ei slags blanding av ei skjennepreike og eit råd for livet. Eg torde faktisk ikkje å fortelja om denne draumen til nokon, sjølv ikkje min nærmaste. Ho det truleg gjaldt mest. Til tross for at dette var ein kort draum har den late etter seg eit sterkt inntrykk fram til i dag. På det tidspunktet var eg svært lite mottakeleg for alt utanom einsformige og fastsette rutinar, og eg var i kvar einaste augneblink djupt nede i hugen. Eg hadde vorte ei så fjern og sorgtung utgåve av meg sjølv at eg ikkje klarte å sjå framover eller utover meg sjølv på nokon måte. I denne draumen vaknar eg i det som er mitt soverom på hytta, og alt verkar ganske normalt. Eg opnar den tidlegare knirkande døra inn til stova, og der sit far min i sofaen og drikk kaffi i slåbroken sin. Dette var ein fast rutine for han, ofte grytidleg om morgonen, som gjorde at det ofte var snakk om kaffikopp nummer to eller tre før eg rakk å vakna og seia god morgon. Dette var så kvardagsleg at eg trudde det var heilt på ekte, utanfor hovud og draumverd. Det må også nemnast at eg var på hytta og sov på det same rommet då eg drøymde dette. Eg står då foran far min og ynskjer han god morgon som vanleg, men svaret som kjem ifrå han denne gongen er eit svar eg aldri vil gløyme: “No har du alt ein treng her i livet, og eg seier dette fordi eg kjenner deg. Eg er rett nok borte, men du har fantastiske menneske ved di side. Menneske du både kan gje og få uendeleg mykje meir glede av enn det eg nokosinne gav deg. Du må finna tilbake att til deg sjølv, og gje gleda di tilbake til alle dei rundt deg.” Brått vart draumen slutt. Det er alt eg hugsar. Etter denne draumen sprang eg inn i stova med tårefylte auge, berre for å finna ein tom plass i sofaen. Der han vanlegvis drakk morgonkaffien sin ved daggry. Så gjekk livet vidare.

Far vel, far – 8. august 2019

Når eg minnest den femte og siste draumen får eg litt ilt inni meg. Eg hadde hatt den beste sumaren sidan så lenge eg kan hugsa, samstundes som eg i dei månadane hadde klart å trekke meg sjølv litt ut av den djupe avgrunnen eg hadde vore fanga i heilt sidan far min gjekk bort. Då det leid mot seinsumar og haust seig eg derimot langsamt ned att til denne mørke og sorgtunge staden, utan at eg sjølv skjønte at det var akkurat det som hende. All driv og framsyn forsvann nærmast over natta, og kun ting som kunne knytast til far min var i tankane. Eg vart igjen ein sørgmodig og tiltakslaus statist i eige liv. Eg minnest at denne draumen også kom til meg då eg var på hytta, men denne gongen var eg ikkje åleine. Det trur eg påverka innhaldet. Staden i draumen var både merkverdig og hugtakande. Dette var fordi det for fyrste gong korkje var i eit fysisk eller kjend rom, og alt var kvitt og glimande så langt auga kunne sjå. Alle forsøk på å kome seg nokon veg var fåfengde, og eg sat meg til slutt ned på det som iallfall kjendest ut som eit golv. Sjølv om det var umogleg å seia korleis tida gjekk i dette rommet, var det iallfall noko med staden som gjorde at det eg oppfatta som ein liten stund verka som noko æveleg og grenselaust lenge. Plutseleg høyrde eg ei knirkande dør opne seg bak meg, men det var inga dør å sjå der. Då eg snudde meg igjen stod det rett nok ein person eit stykke foran meg, som ein svart prikk i det ellers krittkvite rommet. Eg tok til å laupa mot denne personen i fullt sprang, men kvar gong eg nærma meg vart rommet foran meg gradvis fritt for alt som minna om det menneskelege omrisset eg såg. Den mystiske personen var deretter like langt unna i retninga eg hadde laupt ifrå. Slik heldt det fram til eg ikkje orka meir, og ropte ut: “Kor er eg? Kva vil du meg?” Dette fekk eg ikkje noko svar på, men etter ei lang togn ropte ei kjend røyst tilbake til meg: “No har eg gjort det eg kan. Resten er opp til deg. Ljos framtid!” Då visste eg kven det var eg hadde sett. Brått vart draumen slutt. Det er alt eg hugsar.

Draumane er fantastiske og triste på same tid. Dei har gjeve meg den beste lærdomen ein kan få i dette livet, dvs. det å kunne vera seg sjølv gjennom livets eldprøvar og påkjenningar. Å draga seg sjølv opp og ut av sorg er nærast umogleg. No kan eg derimot aldri igjen synke så djupt inn i meg sjølv utan å sjå det sjølv fyrst. Far min gjekk kanskje ut or livet, men han gjekk samstundes inn i tanke og draum.