Valguide – neida, no er det (nesten) for seint!

Onde tunger prøvde å presse mørkret på oss tidlegare i august, men no er skiftet eit faktum: hausten er her og det er på tide å bli eksistensiell igjen. I år er det også dags for å gå djupare i seg sjølv og ta eit val av den demokratiske sorten. 

I dag er det valdag og har du ikkje gjort deg opp ei meining, er det for seint å byrje å bla i partiprogramma.  Du står igjen med å ta eit val basert på slagord, og under følgjer ein rettleiar. Til neste val er mi anbefaling å stille betre førebudd. Men hugs: Heimesitting er ei halv stemme til dei du likar minst, i alle fall i følge Frank Aarebrot. 

Venstre – Vi kuttar utslepp og styrkar skulen

Thank you Venstre, very cool! 
Venstre har aller mest lyst til å henge opp store plakater av fjeset til Guri Melby og ikkje snakke so mykje om konsekvensene av sine handlingar. Les: Gje slepp på alt dei trur på for å gå i regjering. Men, det må dei, derfor har dei dette slagordet og håpar at det ikkje blir so mange oppfølgingsspørsmål. Røyst Venstre om du vil kutte utslepp og styrke skulen, I guess. 

Sosialistisk Venstreparti – For dei mange, ikkje for dei få

Kva skal ein sei, la oss håpe det stemmer, for det er wholesome. Viss du studerer til å bli veterinær, var engasjert i elevrådet, eller har sett ei ubehagelig sanning av Al Gore høyrer du sikkert heime i SV. Du vil at dei fleste skal få smake på godene, og deler f.eks nista di om kameraten din har lagt igjen si heime. Dessverre kan det hende du seier ja til for mange slik at du ikkje strekk til når det trengs. Noko å jobbe med! 

Miljøpartiet dei Grøne – Ingen er perfekte, men alle kan gjere litt

So true bestie. Dette gjeld for så vidt på alle aspekt av livet, men du kan truleg få godkjensla av å stemme MDG. Du gjer jo litt. Litt av kva? Uvisst. Alle såg jo ei ubehagelig sanning, men nokon blei meir emo av den (aka deg). Viss du er litt sånn «unnskyld for at eg er til» både fordi du er ei belastning for kloden og fordi du er ei pest og plage for venene dine, er MDG partiet for deg.

Arbeidarpartiet – No er det vanlege folk sin tur

Lyset er på, men det er ingen heime. 

Altså vanlige folk har fått nok. Dei fleste går vel rundt og kjenner på at sin eigen situasjon er unik. Samstundes syner dette at AP ikkje veit kven som bur her på berget og at veljarar er noko litt eksotisk. Det er stas å gå med vernehjelm på bedriftsbesøk, men  truverdet ikkje kjem av den grunn. Uansett, Arbeidarpartiet lar lerretet stå blankt og veljaren må fylle det med det ein ynskjer at AP skal stå for. Røyst på dei dersom det høyrest bra ut! 

Høgre – Vi trur på Noreg

Lyset er av, men heile den utvida familien og deira nære vener er heime. Dei vil ikkje at du skal ringe på akkurat no, for dei er midt i apéritiffen og vil gjerne slå på lysekrona og kose seg i fred. Ikkje ring, ikkje tekst, dei er opptatt heile neste veke og det passar også dårleg den neste månaden. Dersom du er av den innpåsletne og litt avhengige hjelpetrengende sorten er ikkje Høgre partiet for deg. Men Høgreveljaren kan i teorien vere kven som helst, for ikkje kom her og sei at du IKKJE trur på Noreg?? 

Framstegspartiet – Stopp Rødt, SV og MDG – Stem FrP

Kjapt innspel, det er ikkje det innsalet dei trur det er. 

Uansett, FRP har mest lyst til å køyre rundt i ei campingvogn med fjeset til Sylvi Listhaug på, og snakke om venstresida sin politikk. Dersom dei vert beskulda for å vere rasistar, parerer dei ikkje med å benekte det, men å seie stolt at dei står i stormen. Dei vil også køyre fossile køyretøy, ete raudt kjøtt og sigge. Ikkje fordi dei likar det, men fordi dei trur nokon kjem til å ta det frå dei. Sanninga er at FN har ein nullutsleppsvisjon på boomers innan 2030, so FRP kan vere nærare tampen enn dei trur. Dersom du er konstant i forsvarsmodus og likar å baksnakke, trur eg du godt kan røyste FRP. 

Senterpartiet – Nær folk i heile landet

SP sitt slagord er eigentleg utan innhald, manglar retning og forklaring. Litt som partiet sjølv, sånn sett treffande. Samtidig anar ein eit trugsmål. Kor nær snakkar vi? Om du er ein sånn nabo som ringer politiet om du luktar hasj i oppgangen, eller klagar på at nokon i blokka (orsak, nabogodset) øver på celloen sin, kan du vurdere å røyste SP. 

Kristeleg Folkeparti – Vi vil styrke, ikke styre familiene

Sannsynligvis løgn, men pluss for ordspel, alltid. 

Folka i KRF har eigentleg veldig lyst til å drikke, pule, spy og sloss. Dei kan av juridiske årsaker ikkje gjere det. Derfor var dei gretne og frustrerte då dei laga dette slagordet, og det synes. KRF er partiet for dei som vil at Jesus Kristus skal vere rettesnor både privat og offentleg, og det er for det første sjukt dølt og for det andre heilt ugreit. Men hallo, you do you! 

Raudt – For Raudt er kampen mot forskjells-Norge den aller viktigste

Enkelt og greit, men for kjedeleg. Nesten so ein saknar dei tome og meiningslause slagorda. PS: Har Språkrådet godkjendt denne bruken av bindestrek? Samstundes har det eigentleg ikkje noko å seie kva Raudt skriv her. Raudt har for evig og alltid eit stempel som rebellen på barnebordet, og bør heilt ærleg ta den rolla på alvor. Marx var ein girlboss og det må Raudt prøve å understreke betre. Dersom alle rundt deg trur du er en raddis, men det mest radikale du har gjort er sideskill og ein gang gikk med dongeribukse under eit skjørt, ja då kan du røyste Raudt. 

Godt val!