Horoskop for oss som elskar Boston Dynamics og alt dei snekra sammen

Væren (21.mars – 20.april): 

Agnar Mykle døde på korset for at du skal kunne skrive skitten fanfiction om norske politikarar på wattpad. «Slutty right-wing extremist gets punished». 

Tyren (21.april – 21.mai): 

Du vil skrike, men kan ikkje. Du vil stikke av, men kan ikkje. Du sitte på ein bar i Oslo med sykkeltema, ølen kosta 199kr og daten din snakka berre om MILF (den islamistiske militantgruppa frå Filippinene) (Moro Islamic Liberation Front) 

Tvillingane (22.mai – 21.juni):

Om staten vel å plante ein datachip i deg, kontrollere alt du gjer, alle vala du tek osv… Takk dei. Å vere menneske er hardt arbeid, å sleppe er ei velsigning. 

Krepsen (22.juni – 22.juli):

Når ein les om «forheksa» gjenstandar i historiebøker kan ein trygt anta at gjenstanden, ganske enkelt, berre var radioaktiv. Men den ringen du kjøpte på loppis i helga er most def forheksa. Radioaktivitet gjer deg sjuk, ikkje usynleg. 

Løven (23.juli – 23.aug): 

Plis sett ein stoppar for talk shows. Løven, eg trygla. Eg orka ikkje endå eit jordnært intervju mellom to millionærar. Morosame historier? Nei, takk. Opne samtaler om brokete fortid? Drep meg, herre konge, men ikkje med fjerning av tabu rundt mental helse. 

Jomfruen (24.aug – 23.sept):

Styrt ei flaske med 5G, møt Gud og frik ut eldre slektningar med sjølvlært telepati. 

Vekten (24.sept – 23.okt):

Eg veit den du er forelska i ser ut som ein draum, eit nydelig maleri! Men opne ditt tredje auge og elsk deg sjølv. H*n ser ut som h*n når klimaks av å tygge på brukte plaster.  

Skorpionen (24.okt – 22.nov):

«Born in a forest, raised in a cave. Truckin and fuckin is all that i crave.»

Skytten (23.nov – 21.des): 

Eg legg ut tre tarotkort. Snur det første sakte. Det er eit bilete av deg og meg, vi slappa av i parken. Berre kosa oss, rett og slett. Eg snur kortet i midten, enda et bilde av oss. Vi klina 😉 Siste kort, det er telefonnummeret mitt. Sup?  

Steinbukken (22.des – 20.jan):

Reis til Tyrkia, slip ned tennene. Ikkje sett på veneers. Sei «this is good, thanks» og reis heim. Hot Nosferatu Fall, BABY!

Vannmannen (21.jan – 18.feb): 

Er du vår generasjons Franz Kafka eller har du berre vinterdepresjon frå september til mars? Kjøp en dagslyslampe, taper. 

Fiskene (19.feb – 20.mars):

Foreldrene mine hadde sex i fylla på 17.mai og alt eg fikk var dette dumme stjernetegnet.