Horoskop for hudleger som hater kvinner

Væren (21.mars – 20.april): 

Vi har alle hørt om å jakte på andre menneske. Men kva med, stay with me, fiske andre menneske?! Vi treng ein luftballong, ein harpun og festivalsommar. 

Tyren (21.april – 21.mai): 

DIN IDIOT! Du skulle aldri ha bukka under for det utrulig menneskelige behovet for å bli elska, forstått og respektert!! No trur h*n at du faktisk har kapasitet til å tenke på nokon andre enn deg sjølv og demonane dine. Uugh! 

Tvillingane (22.mai – 21.juni):

«Eg vil vere slegga di. Kvifor ropa du ikkje navnet mitt? Åh, lat meg vere slegga di. Lat dette vere mitt vitnesbyrd. Vis meg rundt i vaginaen* din.» 
– Peter Gabriel (omsett til nynorsk av Karina Ertesvåg) *ja, faktisk. 

Krepsen (22.juni – 22.juli):

I det siste har du vakna i kaldsveitte og panikk. Og om det ikkje skrik Big Dick Energy… då veit ikkje eg. Det kan også hende du har bomma på mikrodoseringa di igjen. Når du ser på meg no, kor mange auge ser du i handflata mi? 

Løven (23.juli – 23.aug): 

If i die young, bury me in satin. Lay me down in a bed of kjempeklump. 

Jomfruen (24.aug – 23.sept):

BTC: – 2,48%

VET: -2,20%

XLM: + 0.09%

DEG: sliten etter ei lang arbeidsveke, klar for å bade i Sunniva appelsinjuice som ho dama i reklamen.  

Vekten (24.sept – 23.okt):

R for Rasmus, O for Og det er kirsebærtreet innafor hageleet som blømar i tidleg vår. Mot gråe kytjeveggen luter det krokne leggen og signar oss atter eit år. M for Mike, P for Petter, E for Elvis. 

Skorpionen (24.okt – 22.nov):

*runkebevegelse med begge hender* Flørtar eg eller gjer eg narr av det du nettopp sa? Umulig å sei. (Det er begge deler, eg veit ikkje kvifor eg ikkje berre kan vere inderleg. Kanskje eg er redd for å bli såra? ja, det er nok det.)

Skytten (23.nov – 21.des): 

Om dei prøver å gjere deg sint, sei nei. Om dei prøva å vekke entusiasmen din, sei nei. Om dei prøva å skremme deg, sei nei. Prøva dei å overbevise deg om at du har dårlig tid, sei nei. Ta den tida du treng, still dei spørsmåla du har. Ta inn informasjonen og analyser vala dine. Bestem deg for kva DU vil. 

Steinbukken (22.des – 20.jan):

Gratulerer, kjære Steinbukk! Du er PIMP OF THE MONTH *KORK spelar My Sharona av the Knack*

Vannmannen (21.jan – 18.feb): 

Du er ikkje aleine om å skulle ønske at menneskeheten blir utsletta asap… men også ville leve til du er 200 år, men også aldri oppleve noko igjen, men også føle alle følelsane, men samtidig ingen. I feel u. 

Fiskene (19.feb – 20.mars):