
Horoskop uke 69
Vannmannen (20.januar – 18. februar):
Stjernene fortel meg at du er eit rasshål. Skjerpings!
Fiskene (19. februar – 20. mars):
Hysj! Hørte du det? Hah, ok.. Så det var berre eg som hørte det?! Merkelig. Uansett, du bør investere alt du har spart opp. Få pengane dine til å jobbe for deg, shamener?
Væren (21. mars – 19. april):
På tide å gripe dagen, sette på litt folkemusikk og drikke litt gatorade (ikkje spons), du har mista så sinnsjukt mykje blod. Seriøst. Ikkje reis deg opp for fort.
Tyren (20. april – 20. mai):
Golvet kjem til å falle saman under deg. Kanskje ikkje i dag, kanskje ikkje i morgon. Men ein dag… (neste veke)
Tvillingane (21. mai – 20. juni):
Ta to paracet og ring meg i morgon!
Krepsen (21. juni – 22. juli):
Har du sett Trainspotting? Du veit den dassen hovudkarakteren svømme i når han mista noken pilla? Det er deg. Eigd.
Løven (23. juli – 22. august):
Du bør begynde å date igjen! Det ligg romantikk i korta for deg. Men eg kan ikkje å stokke og dette er ein bunke med russekort frå 2007.
Jomfruen (23. august – 22. september):
Ikkje sjekk under senga di før du legg deg 😉
Vekten (23.september – 22. oktober):
Du bør ikkje ta jegerprøva fordi «alle menn bør kunne jakte.» Du bør ta jegerprøva fordi det finnast for mange menn.
Skorpionen (23. oktober – 21. november):
Har du prøvd å drikke tiss? Hehe, eg berre spør. Har hørt at det er reint nok. Men du kan ikkje drikke ditt eige tiss to ganga på rad. Prøv å drikke nokon andre sitt denne veka.
Skytten (22. november – 21. desember):

Steinbukken (22. desember – 19. januar):
Ikkje alle lika å bli forklart ting, kjære steinbukk. Nokon folk har sett nok og andre folk er faktisk blinde… Såe, ikkje vær frekk. Ha litt respekt.